Om Vossabakst

Handverksbakeriet Vossabakst har bakeri, utsal og servering midt på Vangen i Vangsgata 38 på Voss. Vossabakst bakar med utgangspunkt i gamle tradisjonar og teknikkar, og brukar dei beste råvarene. Det kjennest på smaken!

arrangement boble og tapas

Bobler & Tapaskveld

Velkommen til ein lun og smakfull kveld! Vossabakst dekker opp med kvite dukar og god stemning. Ta med deg gode venner, familie eller kollegaer.

Meny: Tapastallerken med smårettar, ost og skinker, og noko søtt og godt til slutt. 375 kr per person

Bestilling: For å sikra deg plass og mat må du førehandsbestilla innan 26. januar.

Send e-post til: post@vossabakst.no. Hugs å oppgje namn, antal personar og eventuelle allergiar.

reine råvarer
Lokale råvarer & utan tilsetjingstoff

Me vel våre råvarer med omhu, og brukar lokale ingrediensar når me kan. Mesk frå Voss Fellesbryggeri vert nytta i vårt polulære Bryggeribrød. Vossabakst sine brød er laga utan tilsetjingar. Fri for mjelk, soya eller nøtter.


Lidenskap
Gamle teknikkar & tradisjonar

Vossabakst bakar med utgangspunkt i gamle tradisjonar og teknikkar, og brukar dei beste råvarene. Det kjennest på smaken! Me bakar mykje med surdeig og brukar våre eigne kulturar.

brød bakst lokalt bakeri
Kvardag eller fest - bakverk er best

Frå det daglege brødet til den store festkaka - me bakar alt med same lidenskap og presisjon. Lat oss gjera både kvardagar og store augeblikk endå betre med vårt ferske bakverk.

.

Fagfolk lokalt handverksbakeri
Dyktige fagfolk både i bakeri & konditori

Bakarane våre er stolte handverkarar som kombinerer tradisjonelle metodar med moderne kunnskap. Kvar dag startar tidleg, slik at du kan nyta ferskt bakverk til frukost.

Kringler er best

Hjå Vossabakst får du ferske og velsmakande bakarvarer kvar dag!

Her lagar me mellom 70 og 80 ulike typar bakverk kvar dag. Me har bakarvarer som blir baka i steinomn, og eit stort utval av konditorvarer og påsmurt.
Me set vår ære i å ha særs god kaffi! 

Vossabakst lagar kaker på bestilling og tilbyr catering.

Ta kontakt for meir informasjon eller bestilling.

Vossingane sine favorittar

Dette er bakverka som vossingane kjem tilbake for, veke etter veke. Alt er sjølvsagt baka for hand med kjærleik og omtanke i bakeriet vårt midt på Voss.

Gulrotkake

Gulrotkake

Vossabakst si populære gulrotkake. Ei saftig og smakfull gulrotkake med ostekrem. Denne kan du få i rund eller platekake.

910 kr
Gråsidetoppen

Gråsidetoppen

Standard grovbrød utan kjerner og frø, med rug og honning.
Allergen: hvetegluten, ruggluten
75 % grovt

65 kr
Ostekake - Glutenfri

Ostekake - Glutenfri

Ostekake er ein av Vossabakst si mest populære kake. Den har deilig mandelbotn, pasjonsfruktkrem og toppa med gelélokk og friske bær.

570 kr
Kvitanosi

Kvitanosi

Surdeigsbrød utan kjernar, med/utan frøkorn rundt.
Allergen: hvetegluten
25% grovt

69 kr
Brøda våre

Brøda våre

Kakene våre

Kakene våre

kafe lokalt handverksbakeri

Velkommen til oss i Vangsgata 38!

Våre opningstider:

Måndag - fredag kl. 08.00 - 16.30
Laurdag kl. 08.00 - 16.00
Sundag - stengt