Ditt lokale handverksbakeri

Vossabakst er eit handverksbakeri som er lokalisert midt i Vangsgata på Vossevangen. Her lagar me mellom 70 og 80 ulike typar bakverk kvar dag. Me har bakarvarer som blir baka i steinomn, og eit godt utval av konditorvarer og påsmurt. Me set òg vår ære i å ha særs god kaffi! 

Me er godkjend opplæringsbedrift både i bakarfaget og konditorfaget og har lærling i bedrifta og utplasseringselevar jamnleg, slik at me rekrutterer nye fagarbeidarar i begge faga.

I Vangsgata 38 har me over 500 kvm med utsalg, kafè, eigen produksjon for bakeri og konditori. Kafèen har 70 sitteplassar inne og utservering med 25 sitteplassar. I tillegg eit eige møterom der ein kan vera opptil 20 personar.

handverk, lokalt bakeri
Lokalt handverksbakeri

Brøda våre har fått namn etter lokale fjelltoppar. Det er fordi me ynskjar å heidra den flotte Vossanaturen og at brøda våre skal vera litt som fjella:

Dei skal vera rustikke og ville å sjå på, men lukta og smaka litt som fjellet – friskt og fangande.

Me bakar mykje med surdeig og brukar våre eigne surdeigar. Kveitesurdeigen vår blei starta av bakaren i 2009 og har blitt ein knallgod startkultur som me har blindtesta mot andre kulturar og kome særs godt ut av! Rugsuren har me henta frå Danmark på ein kultur starta i 1973. Den har vore med oss sidan starten i 2016 og er utgangspunktet for våre rugbrød.

Nett no prøver me å starta ein ny kultur laga på mysel frå lokal gardskveik. Me prøver òg å få inn fleire lokale smakar og råvarer. Vår bestseljar er Horndalsnuten eller bryggeribrød. Her brukar me mesk frå Voss fellesbryggeri.  Kvar onsdag bakar me brød med potet og surdeigsbrød med bringebær.  Kom innom etterkvart for å sjå kva som skjer med kveiken og meir til. 

Velkomen til oss!