Bakarlærling/assistent
i handverksbakeri
Er du glad i lukta av nysteikt brød, tidlege morgonar og gode kollegaer?
Då kan dette vere jobben for deg!
Me er eit ekte handverksbakeri, og ser etter ein bakarlærling, eller deg som vil ha ein spennande sommarjobb! Dette er ei unik moglegheit til å sjå eit bakeri frå innsida og lære korleis ekte bakst blir til.
📅 Periode: Frå midten av juni og ut august
📍 Stad: Vossabakst
Kva går jobben ut på?
Hjelpe til med baking og førebuing
Halde orden i bakeriet
Bidra til god stemning på jobb 💛
Kven ser vi etter?
Du er positiv, påliteleg og ikkje redd for å ta i eit tak
Du likar å jobbe praktisk
Du treng ikkje erfaring – vi lærer deg det du treng!
Bonus om du vurderer lærlingplass innan bakerfaget
Kvifor jobbe hjå oss?
Du får verdifull erfaring (og noko godt å smake på 😉)
Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
Ei unik innsikt i eit ekte handverksbakeri
Moglegheit for vidare jobb eller lærlingplass
Høyrest dette ut som noko for deg?
Send oss ein kort søknad og fortel litt om deg sjølv!
Send til post@vossabakst.no